Ein litt for humpete veg

Å byte hovudmål skal vera ei smal sak, også for elevar i Osloskolen. Det er det ikkje alltid.

Vegard Storsul Opdahl

I dag jobbar eg med norsk språk som referent, korrekturlesar, språkvaskar og omsettar. Spesielt jobbar eg på og med nynorsk, som eg også kursar andre i når Studentmållaget i Oslo inviterer til kurs. Det noko spesielle er at eg er fødd og oppvaksen i bokmålsbyen Oslo. Som den einaste i klassen avla eg hovudmålseksamen på nynorsk. Dessverre var det ikkje sjølvskrive at det fekk bli sånn.

Eg kjem ikkje unna at ein skoleelev i Oslo som ønsker å ha nynorsk som hovudmål, er ein svært sjeldan fugl. For skolen er det klart slikt kjem bardus på, og tilsette i Osloskolen har nok ikkje aktuelle reglar og paragrafar om val av hovudmål friskt i minne. Det ein derimot kan forvente, er at dei har høyrt om dei, leitar dei fram og følger dei dersom den sjeldne fuglen kjem flygande. Sjølv opplevde eg det litt meir som eit lotteri der det gjaldt å ha flaks.

Ei kjip utgift

Vegen frå bokmålselev til nynorskelev hadde tre stadium, og vi kan begynne med ungdomsskolen. Da eg som niandeklassing langt ute på austkanten av Oslo begynte med sidemålsopplæring, var det noko ved nynorsken som appellerte veldig til meg, og etter kvart ønskte eg å ha det som hovudmål for å lære det skikkeleg. Det fekk eg ikkje utan vidare; skolen hadde ikkje råd til å kjøpe nynorske lærebøker til meg og spurde meg (riktig nok pent) om eg ikkje heller kunne pugge ekstra nynorsk på fritida. Jau, det kunne eg gå med på, det var uansett ikkje lenge til eg skulle begynne på vidaregåande.

Det er ikkje lett å slå i bordet med rettar ein ikkje veit ein har. At å skifte hovudmål ikkje er noko ein spør om å få gjera, men kan gjera fritt på ungdomsskolen, fann eg ikkje ut av før eg seinare blei verva til målrørsla. Om skolen visste det, veit eg ikkje, men ein 14-åring som ønsker å lære meir på skolen, bør ikkje gå heim og føle seg som ei økonomisk byrde skolen vil unngå. Sjølv ein skole som gjekk med millionunderskot, kunne rydda fram nokre skarve tusenlappar til nynorske lærebøker. I dag undrast eg om det heller var eit spørsmål om vilje.

Når det er sagt, må eg rose norsklærarane på ungdomsskolen for god sidemålsopplæring. Den første nynorsktimen begynte ikkje med at norsklæraren beklaga og sa at dette var noko vi måtte lide oss gjennom saman, så fekk vi be til høgare makter om at vi ikkje måtte ha sidemålseksamen, huff og sukk. Slikt opplever langt fleire enn du trur. Eg lærte sidemål av lærarar som var trygge i og positive til nynorsk. Slikt skjer heldigvis òg.

«Sådan gjør man da bare ikke»

Soga heldt fram på vidaregåande. Ingen spurde kva hovudmål eg ville ha, så litt uti skoleåret gjekk eg ned på kontoret og spurde om eg kunne byte hovudmål. Dette var det siste året vidaregåandeelevar måtte kjøpe bøkene sine sjølv, så dette skulle ikkje bety noka utgift for skolen. Det stakkars mennesket bak skranken på kontoret såg likevel forbløffa ut. Kan ein gjera sånt? I Oslo? Korleis? Ho innrømte at ho ikkje visste korleis ein gjorde slikt. Ho skulle sjekke litt, så skulle eg få komma tilbake.

Eg kom tilbake, men møtte det same spørjeteiknet. Det var heldigvis ingen motvilje å spora, berre rådløyse. Særleg stø var eg enno ikkje blitt i nynorsk, så eg kunne vel vente litt til. Da skoleåret gjekk vidare utan ein einaste nynorsktime, spurde eg norsklæraren om vi ikkje skulle ha det snart. Eg blei lova nokre nynorsktimar før tentamen, iallfall. «Vegard har bedd om nynorsk, så det skal vi ha litt no», sa norsklæraren i starten av timen, utan at eg trur han meinte å gjera det kleint for meg. Klassekameratane lo heldigvis av det meir enn dei syntest eg øydela stemninga – om dei ikkje delte interessa for nynorsk, skulle vi alle få karakter i sidemål, og det er motivasjon nok for dei fleste til å gi det eit forsøk.

I løpet av første klasse hadde eg bestemt meg for å søke meg over på ein annan skole der fleire vennar av meg gjekk, så eg la hovudmålsskiftet på is til da. I sommarferien hadde Norsk Målungdom vervestand på sommarleiren til Natur og Ungdom, og eg melde meg inn og fekk vita masse eg ikkje visste frå før. Blant anna lærte eg at alle har rett til å velja hovudmålet sitt sjølv, same kor i landet dei bur. Da var det bestemt: Til hausten skulle eg bli nynorskelev.

Ei heilt ny verd

Blyg og nervøs gjekk eg etter kvart ned på kontoret på den nye skolen og spurde om det kanskje kunne vore mogleg å skifte hovudmål – du veit, for å få lære nynorsk skikkeleg. «Sjølvsagt», sa kontoristen, «berre skriv namn og klasse på ein lapp, så skal eg registrere det og be bibliotekaren finne fram nynorskbøker til deg.» Kontrasten frå tidlegare opplevingar kunne knapt vore større. Kva var det som gjorde at eg på akkurat denne skolen blei møtt med smil og velvilje og fekk alt ordna på ei veke?

Eg var nemleg langt ifrå den første nynorskentusiasten som hadde søkt seg til Oslo katedralskole, i Oslo berre kjent som Katta. Katta Målungdom er og var eit stort og aktivt elevlag på skolen, og sjølv om berre nokre få tok steget til å byte hovudmål, var det høg aktivitet i laget. Vi drog stadig på Det Norske Teatret og stilte med ein god flokk på alt som var av leirar, konferansar og årsmøte i Norsk Målungdom. Sidan andre elevar på skolen hadde hatt nynorsk som hovudmål tidlegare, låg ein del nynorskbøker allereie klare til å bli arva. I dei faga eg var den første nynorskeleven, bestilte skolen nynorskbøker til meg – sjølv om skolen for tida gjekk med dundrande underskot.

I klassen var det delte meiningar om at eg no fekk ha bokmål som sidemål. «Er ikkje det litt urettferdig?» spurde ein. Sidan eg hadde nynorsk som hovudmål, brukte eg det i alle fag og lærte det godt, og bokmål kunne eg jo frå før, så da fekk eg jo lett god karakter i både hovud- og sidemål! Det var jo ikkje urettferdig, det var akkurat slik eg ville ha det.

Med nynorsk som hovudmål fekk eg den mengdetreninga i nynorsk ein elles ikkje får så lett her i Oslo. Eg knekte kode etter kode og fekk lært språket på den aller beste måten: gjennom bruk. Eg avla alle eksamenane mine på nynorsk utan at det språklege var noko hinder, og sidan har eg uredd og bevisst brukt nynorsk i studium og jobb.

Ta vare på eleven

Kva kan vi lære av historia om den humpete vegen? Det første er at ein rett ingen veit om, ikkje er ein reell rett. Ein rett som i praksis må vike for økonomi og byråkrati, er heller ingen rett. Det andre er at elevar i bokmålsland som vil byte hovudmål til nynorsk, oftast står heilt aleine. Det er ikkje éin i kvar klasse, ikkje eingong éin på kvar skole, knapt éin på kvart årskull i heile fylket. Det er snakk om eit svært lite tal elevar. Skal ein forvente at administrasjonen på alle skolar er budde på eit så sjeldan fenomen? Ja, det meiner eg. Alt kan ikkje stå og falle på tenåringen sjølv.

Oslo katedralskole viser kor lett det kan gjerast: Registrer skiftet slik at eleven blir oppmeld til eksamen med riktig hovudmål, og bestill bøkene som trengst. Det er ikkje noko pes. Men ein skole skal ikkje trenge å ha eige mållag og usannsynleg mange nynorskfrelste elevar for at ordninga skal fungere slik den er meint å gjera.

Korleis kan vi gjera overgangen enklare for elevar i tjukkaste bokmålsland som vil ha nynorsk som hovudmål? Eg måtte spørja på tre skolar før eg fekk det til, noko langt ifrå alle ville ha orka. Med så mange hinder er ikkje vegen farbar for andre enn dei svært spesielt interesserte. Å velja hovudmål sjølv er ein rett alle elevar har frå og med ungdomsskolen. Det skader ingen å vita om dette, verken elevar, rektorar, norsklærarar, foreldre eller tilsette i skoleadministrasjonen. For elevane det gjeld, kan det bety veldig mykje. Det er dei regelverket er laga for, og det er dei vi må tenke på.