Mengdetrening

Ingen blir god i noko utan å øve på det ein ynskjer å bli god i. Det gjeld fotballspelarar og røyrleggarar, lærarar og børsmeklarar. Det gjeld også dei som vil bli flinke til å skrive.

Teoretisk kunnskap er vel og bra, men ikkje­ nok. Mange born veit mykje om fotball. Dei ser favorittlaga i kamp så ofte dei kan, dei les og høyrer analysar, kommentarar og reaksjonar frå såkalla ekspertar, og dei har sterke meiningar om godt og dårleg spel. Men flinke fotballspelarar blir dei ikkje utan å trene sjølve, så mykje som råd og under rettleiing frå kompetente trenarar.

Mengdetrening med kunnig rettleiing må også til for å bli ein stø nynorskbrukar. Gutar og jenter som skal bli flinke i nynorsk, må øve sjølve, mest mogleg. Det gjeld både i lesing og skriving.

Her har nynorsklæraren ei ekstra utfordring i høve til kollegaen som underviser i bokmål. Nynorskelevar har færre språklege førebilete fordi det er mykje mindre nynorsk tekst å sjå i kvardagen rundt dei. Dei har tilgang til nynorske skulebøker og kanskje ei nynorskredigert lokal­avis, men på nettet, i fjernsyn, radio, vekeblad og i allslags reklame dominerer bokmålet totalt.

Bokmålspåverknaden er også stor på dei små skjermane. Her kjem i tillegg ei anna ut­fordring: bruken av dialekt. På Facebook, Twitter­ og i mobil­meldingar bryr mange seg lite om ordliste og skulegrammatikk, og all skrivinga gir dermed ikkje utan vidare sikrare språkføring når dei i andre samanhengar skal skrive på normert nynorsk.

Eitt av våre bidrag for å bøte på manglande språklege førebilete for unge nynorskbrukarar er å formidle god litteratur på god nynorsk. Fleire lærarar og foreldre må få vite om alle dei gode tekstane som faktisk finst, slik at born og unge kan få meir mengdetrening. Det er einaste måten å bli god på.