God morgon, sjette klasse!

– God morgen. Good morning. Guten Morgen. Bonjour. Buenos dias. Salam aleikum. Privjet. Tere. God morgon. Bourre beivvi. Goedemorgen. Asubuhi njema. Xin chào. Salam.

Skuledagen startar heilt som normalt for elevane på sjette trinn på Ila skole i Trondheim. På benkar og golv i eit lysegrått kjøkken i enden av klasserommet sit elevane og seier god morgon på 14 ulike språk. Dette er morsmåla til elevar som er eller har vore innom trinnet, og læraren jobbar systematisk for at alle skal få ein god start på dagen og kjenne seg velkomne.

Denne skuledagen er forresten ikkje heilt som alle andre. I klasserommet står ein fotograf som skal gjere dei til føregangselevar. Alt dei gjer både denne og neste skuledag, skal filmast, slik at lærarar­ over heile landet kan sjå korleis akkurat denne læraren og denne klassen jobbar med språk.

Ila skole er med i prosjektet Tidleg start med nynorsk som sidemål, i samarbeid med Nynorsksenteret. Læreplanen er tydeleg på at barneskule­elevar skal lese nynorske bøker, og at dei frå mellom­steget skal eksperimentere med skriving på nynorsk. I praksis vert det ofte gjort lite og tilfeldig. Men på Ila skole ønskjer dei å gje elevane eit godt grunnlag før ungdomsskulen, både når det gjeld ferdigheiter i og haldningar til side­målet nynorsk.

Ti år gamle Sindre synest det er morosamt å skrive nynorsk. Foto: Åge André Breivik
Ti år gamle Sindre synest det er morosamt å skrive nynorsk. Foto: Åge André Breivik

– Det er litt utfordrande å skrive nynorsk, men det er morosamt. Eg trur det er lettare for meg, for eg har ein svensk far, seier ti år gamle Sindre til fotografen. Dermed seier han det også til alle lærarar i heile­ landet. Lesesenteret har fått pengar frå Kunnskapsdepartementet for å utvikle kurspakkar­ til satsinga Språkløyper, saman med Skrive­senteret og Nynorsksenteret. Barnehagar og skular over heile landet kan ta i bruk dei nettbaserte kursa og på den måten auke kompetansen i kollegiet og tileigne seg ny forsking om lesing, skriving og språk. Det er unikt med ei slik satsing på språk, heilt frå barnehage til 3. klasse i vidaregåande.

Forskinga til mellom andre Hilde Traavik og Benthe Kolberg Jansson viser tydeleg at elevar som lærer nynorsk på mellomsteget, gjer det betre­ i sidemålet seinare i skuleløpet. Det har også lærar Margaret Arntzen Leirvik ved Ila skole trua på.

Lærar Margaret Arntzen Leirvik ved Ila skole har trua på å byrje tidleg. Foto: Åge André Breivik
Lærar Margaret Arntzen Leirvik ved Ila skole har trua på å byrje tidleg. Foto: Åge André Breivik

– Sjølv har eg alltid vore glad i nynorsk, men eg veit at mange har eit negativt forhold til språket.­ Det er kanskje fordi dei vert møtte med krav om å gjere det riktig med ein gong. Eg håper å gi elevane eit godt forhold til nynorsk før alle fordommane vert vekte til live, seier Leirvik.

Difor melde ho seg og klassen på prosjektet Tidleg start. I løpet av sjette trinn har elevane­ høyrt mykje nynorsk, sunge songar med nynorske­ tekstar­ og skrive dikt, fagtekstar og forteljingar på nynorsk.

– Me har leika med språket, utan å terpe på rettskriving og grammatikk. Me har snakka­ om kjende ord i tekstane, og me har lese same tekst på bokmål og nynorsk og snakka om kor like og ulike dei to skriftspråka er, seier Margaret­ Arntzen Leirvik.

Dei siste åra har Nynorsksenteret sett i gang Tidleg start-prosjekt mange stader i landet.

– Me har gjort oss nokre erfaringar om korleis­ ein kan drive nynorskopplæring på mellom­steget, for elevar med bokmål som hovud­mål. Nynorsk­opplæring på mellomsteget bør skje gjennom lesing­ av nynorsk barne­litteratur, gjennom­ positive­ aktivitetar og ei leikande til­nærming til skrivinga. Då står elevane godt rusta­ til krava som møter dei på ungdoms­skulen,­ seier rådgjevar Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nynorsk­senteret.­

Sjå korleis Ila-elevane og læraren har jobba, på sida til Sprakløyper.