Vil få austlandsungdom til å lese nynorsk

– Det er gøy å lese nynorsk. Ho smiler når ho seier det, og trykket i setninga ligg på gøy. Oslo-bibliotekaren verkar å vere heilt overtydd og litt overraska over det ho nettopp sa.

– Eg treng å verte betre kjend med den nynorske litteraturen, seier bibliotekar Goro Aarseth.
– Eg treng å verte betre kjend med den nynorske litteraturen, seier bibliotekar Goro Aarseth.

Dei skal summe om korleis bibliotekarar og lærarar kan legge til rette for at ungdomsskuleelevar i Stor-Oslo skal møte fleire nynorskbøker, og det er Goro Aarseth som slår fast at nynorsk er gøy.

Ho jobbar på hovudbiblioteket til Deichmanske i Oslo, og ho er ei av mellom 30 og 40 bokinteresserte som bruker arbeidsdagen på dette seminaret om nynorske ungdomsbøker.

– Nynorsk opnar for dialektane

Sju tause menn og ei kvinne overvakar forsamlinga frå avlange rammer mellom vindauga. Dei har alle vore fylkesordførarar i Akershus, eit fylke som ikkje er kjent for å ha mange nynorskbrukarar. Om dei åtte portrettrammene hadde hatt øyre, er det den nynorske bokskatten dei kunne vorte klokare på i dag.

Om det er mannstungt på veggen, så er det kvinnetungt i salen. Dei fleste deltakarane er bibliotekarar frå skulebibliotek eller folkebibliotek, men her er også lærarar frå ulike skular i Akershus, Oslo og fylka rundt.

Bibliotekar Goro Aarseth meiner det har ein eigenverdi at folk les på fleire språk.

– Å lese mykje ulikt er bra. Om ein bokmålsbrukar kan lese nynorsk, kan ho kanskje også lese svensk og dansk. Eg trur det gjer folk meir språkdyktige. Eg trur også det gjer at folk forstår fleire dialektar. Det er spesielt viktig i Oslo, der me er så bokmålsorienterte.

– Når du tilrår ei god bok, hender det at folk avviser henne i det dei får vite at ho er på nynorsk?

– Sjeldan, men det hender. Eg hugsar spesielt ei mor og ein son. Eg hadde mange forslag. Dei gjekk til slutt ut med Glimt av Tor Arve Røssland, men guten var heilt uinteressert. Han var ingen lesar i utgangspunktet, og då vert det mykje på ein gong både å lese og å gjere det på nynorsk, seier Aarseth.

Det ungdommen likar

Størsteparten av ettermiddagen er det Janne Karin Støylen som har merksemda, mikrofonen og scena. Ho er formidlar ved Nynorsksenteret, og ho er invitert for å fortelje kva kriterium ungdommen sjølv har for god litteratur.

Ho har finlese grunngjevingane frå juryen til uprisen, og funne at det viktigaste er at bøkene er

  • relevante for dei som ungdommar
  • uråd å leggje frå seg
  • om truverdige karakterar
  • realistiske, meiningsfulle og ikkje minst morosame
  • gjerne om ein alvorleg tematikk

Les meir om kriteria her: Endeleg stemmerett!

– For ungdommen betyr ikkje målforma noko, seier Støylen.

Sidan 2007 har Uprisen gått til bøker på nynorsk om lag like ofte som til bøker på bokmål.

Mange nye bøker på lista

Dagsseminaret er starten på prosjektet fylkesbibliotekarane har kalla «Dritt er drit og greit er greitt». Målet er at nynorsk skal vere eit levande språk også for ungdom i Akershus, og ungdom er i dette tilfellet forstått som dei på niande trinn. Dei er i startgropa som sidemålsbrukarar, og det kan vere ei tung grop å ta sats frå.

Janne Karin Støylen er ei av dei som svært gjerne gir ei hjelpande hand. Ho er formidlar ved Nynorsksenteret, og ho les alt som kjem ut av nynorske ungdomsbøker. Denne iskalde vinterdagen i Oslo presenterer ho ein heil stabel med eksempel som bibliotekarane bør vite om.

Malene Augland ved Deichmanske på Majorstua fekk mange nye bøker på leselista.
Malene Augland ved Deichmanske på Majorstua fekk mange nye bøker på leselista.

– Dette var inspirerande. Eg har ikkje lese mange ungdomsbøker på nynorsk tidlegare, men no har eg fleire på lista: Alt du kan ønske deg av Linn T. Sunne og Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland. Og eg fekk ei påminning om at eg må lese Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl, seier Malene Augland.

Ho er bibliotekar på Deichmanske si avdeling på Majorstua, og ho liker godt å lese bøker på nynorsk.

– Når språket er godt er nynorskbøkene levande og med mange nyansar. Det er viktig å få eit betre ordforråd, og kanskje kan ein verte betre til å forstå ulike dialektar om ein er vand med å lese både bokmål og nynorsk. Me kan verte veldig austlandssentrerte her i Oslo-området, men ein skal ikkje så langt unna før ein finn nynorsknære dialektar, seier Augland.

Vil opne skattekista

Spesialbibliotekarane Olga Skrinde og Tordis Holm ved Akershus fylkesbibliotek.
Spesialbibliotekarane Olga Skrinde og Tordis Holm ved Akershus fylkesbibliotek.

Spesialbibliotekarane Tordis Holm og Olga Skrinde ved Akershus fylkesbibliotek står bak dette leseprosjektet. Dei to har ulik språkleg bakgrunn, men dei er samde om at den nynorske litteraturen er ei kiste med godbitar.

– Det er ein skatt som ein må ha tilgang til, og ungdommane treng å lese bøkene sjølv. Det hjelper ikkje å berre få dei opplesne. Det er viktig å støtte opp om den sidemålsundervisinga som skjer i ungdomsskulen, seier bokmålsbrukaren Holm frå Romerike.

– Det er to grunnar til at me starta dette: Elevane skal og må lære nynorsk, og då kan dei like godt gjere det på ein spanande måte. Og språket har ein kulturell verdi. Det er ein kulturskatt som ungdommane må få tilgang til, seier nynorskbrukaren Skrinde frå Skjåk.

Våren 2016 var fleire bibliotekarar på formidlingsturne i Akershus. Nasjonalbiblioteket har støtta prosjektet med 100 000 kroner.

– Nynorsken er ikkje spesiell

Verken Malene Augland, Goro Aarseth eller dei to spesialbibliotekarane gjer noko poeng ut av språket når dei tilrår ei bok på nynorsk. Olga Skrinde seier det slik:

– Eg snakkar alltid om innhaldet, fordi all erfaring viser at det er det som er det viktige. Eg passar på å få nok informasjon i samtalen til å forstå kva type bok dei er ute etter. Då spør eg gjerne kva dei har likt å lese før, så eg kan finne noko tilsvarande. Det er fint at folk av og til bryner seg på noko nytt, men det er viktig å ikkje gjere nynorsken så spesiell. For det er han ikkje. Det er eit språk. Dei les engelsk like lett som dei les bokmål, og dei kan like gjerne lese nynorsk.