Endeleg stemmerett!

Skal vi skape eit godt samfunn, må vi skrive god litteratur og utdanne gode lesarar, sa Terje Torkildsen i talen sin då han fekk Uprisen for andre gong under Litteraturfestivalen på Lillehammer i 2012. Det er ikkje vanskeleg å vere einig i det. Men aktørane i det ungdomslitterære feltet har ulike oppfatningar av kva god ungdomslitteratur er. Ved etableringa av Uprisen har lesarane i målgruppa fått estetisk stemmerett. Kva seier dei?

I masteroppgåva Kulturar for kvalitet kring nyare norsk ungdomslitteratur undersøkte eg kva tilhøve dei ulike aktørane kring ungdomsboka har til litterær kvalitet. Materialet mitt var dei fem bøkene som fekk Uprisen i åra 2007–2011.

2007: Handgranateple av Ingelin Røssland
2008: Pitbull-Terje blir ond av Endre Lund Eriksen
2009: Marki Marco av Terje Torkildsen
2010: Landet under isen av Lars Mæhle
2011: Fittekvote av Morten Skårdal og Axel Hellstenius.

Ikkje bøkene i seg sjølv, vel å merke, men lesinga av dei. For så vidt også skrivinga. Det ungdomslitterære feltet rommar både dei som skriv og dei som les. Forfattarane og forlaga på ei side, lesarane på den andre. Mellom boka og lesaren står formidlarar, forskarar, kultur- og kunnskapspolitiske aktørar og så vidare.

Ved etableringa av Uprisen vert det publisert vurderingar frå målgruppa for ungdomslitteraturen som kan lesast som uttrykk for ein nyvunnen «estetisk stemmerett». Kva meiner ungdommen om tekstane som vert skrivne for dei?

Ei rekkje kriterium for kvalitet er aktive i dette materialet. Nokre knyter seg til kontekstuelle føresetnader, andre seier meir om litteraturen sin funksjon for lesarane. Fleire av kriteria peikar mot estetiske kvalitetar i teksten. Kriteria grip inn i kvarandre, eit funksjonelt kriterium føreset estetisk kvalitet, eit estetisk kriterium medfører kognitive funksjonar. Når materialet er juryen sine vinnartalar, ligg det til grunn at dette er positive omtalar. Desse tekstane gjev uttrykk for kva som skal til for å slå fast at ei bok er god, at ho faktisk er den aller beste.

Etos som målgruppe (eller: Vi veit best!)

Det første kriteriet eg bit meg merke i når eg les talane frå juryen, forstår eg i lys av den retoriske situasjonen og dei kontekstuelle rammene for ytringa. Ungdommane i dei ulike juryane ytrar seg autoritativt og viser til sin eksklusive «etos» som lesarar. Det ser ut som om dei er seg bevisste si symbolske makt. Ikkje så mykje ut frå ressursar som kunnskap og utdanning, men ut i frå å vere i den definerte målgruppa som tekstane er skrivne for.

I Uprisen si grunngjeving for å kåre Handgranateple som vinnaren av prisen heiter det til dømes:

Årets vinner tar opp tema som er ungdom er opptatt av. Hovedpersonen står overfor flere valg. Mange ungdom kjenner seg igjen i dette.

Og det er ingen tvil om at årets vinner er en skikkelig bra UNGDOMSbok (1. Handgranatple)

Juryen argumenterer her som om dei representerer ungdommar flest som lesarar. Dei presenterer ein argumentasjon som er gyldig i kraft av at dei svarar på vegner av denne gruppa av lesarar. Å skulle ta val er noko ungdommar kjenner seg igjen i, difor er boka viktig for dei. Dette er dermed ein viktig kvalitet ved teksten. Implisitt i juryteksten forstår eg at dei meiner at dei er dei beste til å vurdere om ein tekst skriven for ungdom fungerer for ungdom, fordi dei er ungdommar sjølve. Dei er difor i posisjon til å slå fast at denne boka er bra.

Fleire formuleringar frå andre vinnartalar uttrykkjer liknande argument:

Gode ungdomsbøker tar opp tema som intresserer oss. (5. Fittekvote)

Det vi ungdommer ser etter i ein god bok er spenning, godt språk, innlevelse, uforutsigbare hendelser og at boka omhandler ungdom. (3. Marki Marko.)

Eg oppfattar eit sterkt subjekt ved bruken av pronomenet vi i tekstane. Ved sin «etos som målgruppe» definerer juryen bøkene også som ein del av sjangeren ungdomslitteratur.

Kriteriet «etos som målgruppe» har også ein annan retorisk funksjon som argument. Juryane ut til å vere seg sitt ansvar bevisst også internt i gruppa, på vegner av alle dei representerer som lesarar. Å kåre ei vinnarbok handlar om å finne fram til ei bok som mange kan like.

Vinnerboka slo an blant gutter og jenter, hos lesesterke og lesesvake. Boka er ikke så lang men har masse innhold. (3. Marki  Marco)

Vinnerboka passer for alle, jenter og gutter. (4. Landet under isen)

Årets vinner har alt dette og har virkelig truffet ungdommen. (5. Fittekvote)

Ei slik form for ansvar for sine medlesarar i målgruppa i vurderingane av kvalitet, underbygger også legitimiteten slike jurytekstar kan ha som uttrykk for ungdomslesarane sin kultur for kvalitet som aktør i feltet.

Til sist kan ein merke seg at juryane har meldingar til oss vaksne som reflekterer at dei ynskjer å bli tekne seriøst som lesarar. Ved sin «etos som målgruppe» ser det ut som om ungdomslesarane prøver å drive «vaksenopplæring» og kommunisere nokre innsikter motsett veg langs den asymmetriske aksen mellom tekst og lesar.

Ungdomsbokforfattere har en tendens til å bruke banneord i annenhver setning for å få ungdoms oppmerksomhet. (2. Pitbull-Terje blir ond.)

Ungdomslesarane ber forfattarane om ikkje å «ta for mykje Møllers tran» i jakta på lesaren; slikt blir avslørt og verkar mot si hensikt, slik eg forstår denne åtvaringa.

Den oppslukte lesemåten

At ein oppslukt lesemåte er mogleg, ser ut til å vere ein viktig verdi ved ei god bok for lesarane i målgruppa. Dei skildrar det til dømes slik:

Å lese boka var som å se en film. Man så handlingen for seg. (…) Årets vinner har en pangstart. Og spenningen holder helt til den overraskende slutten. Vi måtte lese videre i boka. Og når vi ikke leste, tenkte vi på boka. (4. Landet under isen)

Skildringene i boka er så gode at det er som om vi står ved siden av det som skjer. (5. Fittekvote)

Boka er fengende fra første side og handlingen er uforutsigbar. Boka blir aldri kjedelig og man må lese den ut. (4. Handgranateple.)

Juryen dreg vidare fram det uføreseielege som ein kvalitet ved teksten. Handlinga i boka Handgranateple fylgjer danningsromanen sitt fastlagde mønster med mangel, utreise og konflikt, men bryt med sjangeren fordi løysinga ikkje er fastlagd og openberr. Denne sida ved teksten representerer det ukjende, det som på ei side gjer at boka ikkje vert kjedeleg og opnar for den altoppslukande lesemåten. På den andre sida har det uføreseielege også eit anna og større potensial ved å vere det som gjer at teksten ikkje berre blir ei oppleving for lesaren, men også ei erfaring.

Verk som ikkje på nokon måte utfordrar persepsjonen, kan ikkje få varig estetisk verdi for lesaren. Teksten som er for vanskeleg, vil heller ikkje ha nokon verdi; den oppslukte lesemåten vil ikkje vere mogleg. Justert for «den oppslukte lesemåten», slik lesarane i målgruppa gjev uttrykk for, vil omgrepet intensitet vere produktivt både for lesaren og teksten. Det vinkar til kvalitetskravet om originalitet og nyskaping, men ei god vurdering i lys av dette kriteriet må ta omsyn til den implisitte lesarrolla.

Ytterlegare kriterium som vart identifiserte og analyserte i materialet, er desse:

  • Innleving og identifikasjon
  • Realisme og meining
  • Integritet – gjerne forstått som «godt språk»
  • Humor og alvor
  • Originalitet

Frå ungdommen

Lesarane er opptekne av både litterære kvalitetar og eit kognitivt potensial. Dei vil lære noko! Dei vil vidare som lesarar. Og dei vil bli lytta til. Jurytalane ser ut til å reflektere ein produktiv mellomposisjon, der oppleving er ein føresetnad for erfaring. Eg forstår talane som uttrykk for ein inkluderande og open kvalitetstype, men med eitt ufråvikeleg krav: Ungdomsboka må fungere for ungdom. Eit slikt overordna kriterium hevdar ungdommane sin eigen kulturelle «etos» som målgruppe med frisk autoritet, men også med omsorgsfullt omsyn til lesarane i si eiga målgruppe.

Å ha et reflektert forhold til hva kunsten å skrive for barn kan innebære av valg og prioriteringer, ser ut til å vere et viktig litterært prosjekt for de forfatter-generasjonen som har inntatt barnelitteraturen på 80 og 90-tallet. (Birkeland 1998:38)

Dette skriv Tone Birkeland i artikkelen «Er barneboka kunst», gjengitt i Årboka for litteratur for barn og unge. Ho gjer vidare greie for korleis eit gradvis lausare forhold til den pedagogiske institusjonen har hatt konsekvensar for utforminga av litteraturen. Forfattarane skriv seg i stadig sterkare grad opp i mot litterære kvalitetskriterium, men heile tida med ein solidarisk ståstad hjå barnelesaren. Barneperspektivet kjem ikkje så mykje til uttrykk i meiningsinnhaldet i bøkene som ved synsvinkelen, hevdar Birkeland. Dette betyr at forfattaren fylgjer barnet sitt blikk, tempo og logikk og gjev plass til barnet si sansing, oppleving, for barnet sine tankar og refleksjonar.

Internasjonale undersøkingar viser likevel at norske ungdommar ikkje er engasjerte lesarar og les dårleg samanlikna med andre land i Europa, ut frå kriterium i slike målingar. Vi når langt frå alle med bøkene. Og no svingar pendelen mot eit krav om enklare tekstar som fleire vil lese, noko som medfører trivialisering og marknadsretting av ungdomsboka. Er det vegen å gå?

Kultursosiologen Svein Bjørkås er i artikkelen «Forvaltning av kvalitet i kunsten» opptatt av at dersom ein reknar folks faktiske kulturinteresser som mindreverdige, kan ein komme til å reprodusere og auke dei sosiale ulikheitene ein ynskjer å motverke med kulturpolitiske tiltak som til dømes innkjøpsordninga for ny, norsk barne- og ungdomslitteratur.

Hvis det er noe vi nå burde ha lært, er det at kvalitet på ett område ikke eksluderer at det finst like betydninsbærende og meningsskapende kvaliteter i alternative. (Bjørkås 2000:51)

Vi som har funne arbeidsfeltet vårt mellom ungdomslesaren og ungdomsboka, er ikkje i målgruppa for tekstane. Det må vi ta høgde for i arbeidet vårt. Vi har bruk for dei innsiktene ungdomslesarane sine responsar gjev, for å forstå kva lesarroller som er moglege i desse tekstane. Det gjeld å nå alle med ei bok!

Vi som arbeider mellom boka og lesaren, må halde fram med å debattere graden av kvalitet i tekstane, men hugse dette:

Ein føresetnad for kvalitet i ungdomslitteraturen er at teksten fungerer for ungdomar. Ungdomslesarane sine responsar gjev presise innsikter i kva lesarroller som er moglege i tekstar som er skrivne for dei.