Skalletrengselteorien

Smak på følgjande påstand, som stadig er å finne i det offentlege ordskiftet om sidemålet sin plass i skulen: «Meir øving i hovudmålet og mindre­ opplæring i sidemålet gjer elevane flinkare­ i norsk.» Er det sant?

Svaret er nei. Eg kjenner ikkje til nokon doku­mentasjon som støttar ein slik teori. Både internasjonal forsking og våre eigne erfaringar frå Nynorsksenteret tyder på at dess tidlegare born byrjar med andre språk, og dess meir variert­ språkkompetanse dei får, dess flinkare blir dei også i morsmålet. Det å kunne fleire språk eller språkvariantar gir auka bevisstheit om eigen språkbruk, det gir større uttrykksrepertoar, og det gir betre evne til å ta andre sitt perspektiv.

Språkevna har ikkje ein avgrensa plass i hjernen­ som kan bli full. Skallen er ikkje innretta­ slik at læring av eit nytt språk eller ein ny språkvariant fortrengjer plassen til dei språka ein alt kan. Det er altså ikkje slik at språka vi har innanbords, kjempar om den same plassen. Tvert om. Dei supplerer kvarandre.

Det som trengst for at born og ungdom i alle delar av landet skal bli flinkare i norsk er ikkje mindre sidemålsundervisning, men meir og betre. Gode og gratis døme på korleis dette kan gjerast, finn du på nettsida vår.