Store forventningar

av Bente Elisabeth Lund, lesegledar

Nei, dette innlegget handlar ikkje om at Dickens-klassikaren har blitt omsett til nynorsk. Dette handlar om forventningar til ei ordning med namnet Nynorske lesegledarar. Men det handlar kanskje mest om kor vidt eg, som ein representant for denne ordninga, klarar å innfri forventningane.

I eitt år har eg hatt status som Nynorsk lesegledar. Eg har reist fylket rundt og presentert bøker på foreldremøte og i klasserom, og no er det på tide å gjere opp status. Kva har vore det beste med å vere lesegledar? Og kva utfordringar har eg møtt på?

Men først må eg seie litt om kva det vil sei å vere nynorsk lesegledar, for eg er ikkje aleine om å vere det. Det er Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa som står bak prosjektet. Konseptet bygger på ei tilsvarande ordning i Rogaland kor Lesesenteret har sine eigne lesegledarar. Forskjellen på oss og dei? Jo, i Rogaland er det primært lærarar med vidareutdaning i litteraturformidling som er lesegledarar. Dei baserer seg mykje på innhaldet i læreplanane, medan i Sogn og Fjordane har lesegledararne ulik bakgrunn og yrke. Men det som er likt for dei nynorske lesesegledarane er at dei har eit særleg ansvar for å formidle den nynorske barnelitteraturen.

Sjølv om eg til dagleg er tilsett ved fylkesbiblioteket (og kjenner ordninga godt), så vil eg jo at det eg skriv om ordninga er oppdatert. Så eg går rett til kjelda og søker opp nynorsksenteret.no. Best å ha fakta i orden. Enkelt og greitt, nedst til høgre er det link til Nynorske lesegledarar, eg klikkar og bang – der er eg. Smilande med ei nynorskbok i handa. Tilfeldig frontkvinne, ambassadør eller pin-up? Held ein knapp på det fyrste, eg.

Bente_nett
Tilfeldig frontkvinne, ambassadør eller pin-up?

Biletet er tatt på Ciderhuset i Balestrand ein nydelig junidag i fjor, då eg og ni andre lesegledarar nettopp hadde tatt «eksamen». I løpet av våren hadde vi fleire kursdagar i lag, og det heile vart avslutta med ein praktisk dag kor vi fekk øvd oss i å formidle litteratur for andre. Ferdig kursa vart ordninga lansert, og det tok ikkje lang tid før dei fyrste av oss fekk oppdrag. Sidan den gong har vi vore med på eventyrstund, markeringar, barnehagedag … Vi har presentert bøker for alt frå fyrsteklassingar til tiandeklassingar. Vi har deltatt på foreldremøte og konferansar. Vi har gjort oss mange erfaringar, og no vil eg dele nokre av mine:

Å vere lesegledar handlar om nettopp det – å skape leseglede. Eg er viss på at eg har vore med på å skape leseglede dei plassane eg har vore. Det er kanskje denne vissa som er sjølve drivkrafta. Det er nok difor ein set seg i bil ein vinterkveld, trassar dårleg føre og køyrer inn til ein avsidesliggande dal for å vere med på bokvake. Jo visst går det tid til førebuing og reising (på all slags vegar og føre), men det er verdt det! Då eg endeleg kom fram til bokvaka den kvelden, hadde eg ei nydeleg stund med småskuleelevane. Kva var det som gjorde denne formidlingsøkta vellukka? Var det at eg las ei godnattforteljing om ei jente som ikkje får sove ein vinterkveld? Og at medan eg las, lava snøen ned, både i boka og utanfor. Eller var det fordi eg med vilje tok med ei bok om ei jente med same namn som ei av dei eg skulle møte? Eg veit ikkje, men eg veit at den same jenta tviheldt på boka da eg gjekk derifrå.

Eg trur det er fleire faktorar som speler inn for ei god formidling: god tid, små grupper og kjennskap til målgruppa (alder, interesser osv.) er viktig. Det går heilt fint å bruke powerpointpresentasjon og snakke for 30 ungdommar, men det blir noko anna når ein kan sette seg i ein liten ring med ein bunke bøker i fanget. Då får ein betre tid til å bli kjent med barn, og kan få mange fine samtaler.

Til dømes har 8-9-åringar gitt meg heilt nye perspektiv på lettlesbøkene til Rune Belsvik og Hans Sande. Og eg har fått vaksne og barn til å le seg skakke av dyr som strever etter å nå same skjønnheitsideal som oss vaksne. Det er fantastisk å sjå responsen frå barn som ser teikning av ein glattbarbert ape eller ei løve som har vore hos frisøren og fått Justin Bieber-look. Det er også enkelt å gjere bokval til denne gruppa, sidan det finst så mange fine biletbøker og lettlesbøker på nynorsk. Utfordringa blir nærast å velje kva du skal ta med, fordi det er så mange bøker du har lyst til å prate om!

Som lesegledar har eg også hatt oppdrag kor eg vart åtvara på førehand om at nesten ingen i klassen likte å lese. Men eg og ein annan lesegledar tok utfordringa, vi trappa opp med eitt mål for auge – alle skulle klare å finne minst ei bok som dei kunne tenke seg å lese. Om vi klarte det? Ja, det vil eg seie. Dette var første gongen eg skulle presentere for ungdom, og den første boka eg valde var «Glimt» av Tor Arve Røssland. Eg las høgt og snakka om kva som gjer boka så ulideleg spennande. Som formidlar er du aldri 100 % sikker på om det du gjer er rett. Mange ting fauk gjennom hovudet medan eg presenterte denne boka. «Klarar eg å få fram det som er spennande? Hugsar eg alt no?» I det eg var ferdig med å presentere boka, gjorde læraren eit sjakktrekk. Ho spurde elevane om kor mange som fekk lyst til å lese boka. Nesten alle rekte opp handa. Den direkte responsen var gull verd og gav meg sjølvtillit til å fortsette. Ting som tekniske problem, manglande internett, ungdommar fulle av hormon … det gjorde ingenting. Eg følte at eg var på rett plass til rett tid og at det var gode bøker eg hadde med. I slike stunder er det ingenting som slår kjensla av å vere formidlar av barne- og ungdomslitteratur.

Ei utfordring er at få skriv til ungdommar på nynorsk. Statistikken frå 2014 syner at berre 5 % av barnelitteraturen er på nynorsk. Til ungdommar er utvalet endå dårlegare. Om eg skulle ha reist ut til ungdommar i dag og tatt med nokre heilt ferske ungdomsbøker på nynorsk, hadde det ikkje vore så mykje å velje mellom. Av vårens ungdomsbøker er det nemleg berre ei bok på nynorsk.

Så for å konkludere trur eg at eg for det aller meste innfrir forventningane til barna, og som oftast til dei vaksne også. Men eg har opplevd vaksne som har forventa å berre få presentert nynorskbøker. Dette er nok ei problemstilling eg vil fortsette å møte på, særleg når det er snakk om bøker til dei litt eldre barna. Men så lenge forholdet mellom utgjevne bøker på bokmål og nynorsk er så ujamt som det er, så må det nesten vere sånn. Og så får forlagsbransjen heller gå i seg sjølv å gje oss nynorsklesarar litt fleire og meir varierte bøker å velje mellom.