Ein festdag for boka

23. april er det Verdas bokdag – og boka er verd ein fest!

Gjennom lesing kan ein oppleve andre land og kulturar, lære om mystiske og forunderlege stadar, eller ein kan drøyme seg vekk i ei fantasiverd. Bøker stimulerer og utviklar fantasi, kreativitet og aukar den språklege kompetansen. Høgtlesing for barn før skulealder har ein uvurderleg verdi for språkutviklinga og utviklinga av ordforrådet.

Den gode forteljinga er vanedannande. Har du fått ei god leseoppleving, vil du gjerne ha fleire. Du oppsøker denne tilstanden gjennom nye bøker. Nynorsksenteret ønskjer at barn og unge skal få oppleve slik leselyst.

Verdas bokdag er ei glimrande muligheit til å sette bøker og lesing i sentrum. Har du tenkt på at du skulle gi ei bok du likar til nokon, så kan dette vere dagen! Verdas bokdag 23. april bygger nemleg på ein tradisjon der ein gir ei bok og ei rose til nokon ein er glad i.

Treng du tips til bok kan du finne det på Nynorskbok.no.

I samband med Verdas bokdag laga Foreininga !les animasjonsfilmen Verdens bokdag i Leseskogen for elevar i 1. og 2. klasse. Der kan du høyre tilsette ved Nynorsksenteret i nokre av rollene.