Rett i fanget på formidlaren

Tekst: Toril Engesæter, bibliotekar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ved biblioteket på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er me så heldige at me får høve til å sende dei beste nynorske barnebøkene rett i fanget på barnehagelærarstudentar, ikkje berre til bruk ved skulebenken, men til bruk i barnehagen. Kinderegg blir ei stussleg samanlikning, her får me meir enn tre ting på ein gong!

Fyldige bokhyller

Bakgrunnen for at bøkene i biblioteket vårt får nå sitt rettmessige publikum, er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, barnehagelærarutdanninga og biblioteket ved HiSF. Målet for prosjektet er å formidle nynorsk barnelitteratur til barnehageborn og å gjere barnehagelærarstudentar rusta til å ta på seg dette ansvaret når dei kjem ut i jobb. Som ein del av satsinga har biblioteket fått midlar til å styrke samlinga si. Me har med andre ord kjøpt inn ein heil masse god nynorsk barnelitteratur som eg med glede kan fortelje er like mykje ute og i bruk, som til pryd i hyllene.

Smittande bruk

LesebloggAt bøkene i biblioteket blir brukte, kan seiast å vere eit mål i seg sjølv. Når bøkene som er i bruk når fram til fleire enn den aktuelle lånaren, er det eit heilt kinderegg åleine. Som ein del av praksisperioden for førsteklassingane på barnehagelærarutdanninga har studentane i oppgåve å formidle nynorske barnebøker i barnehagen. Slik når bøkene ut, ikkje berre til den aktuelle studenten, men til ungane og dei tilsette i barnehagen. Tilbakemeldingar frå praksisbarnehagane har vore positive, studentane har fungert som litteraturformidlarar og gjeve både små og store nye spennande leseopplevingar og gode boktips. Snøballeffekten kan vidare inkludere foreldre, søsken og besteforeldre. Dersom formidlinga har vore ein suksess, er det ingen som seier at entusiasmen for boka held seg innanfor veggane i barnehagen – dette kan lett vere smittsamt!

Som om ikkje dette var nok, kan me gle oss over at Erna Osland si glimrande sakprosabok Under ein stein har vore brukt, med stor variasjon, innanfor kunnskapsområdet natur, helse og rørsle. Studentane har hatt i oppgåve å bruke boka som utgangspunkt for eit didaktisk opplegg i barnehagen. Her har me eit godt døme på kor mykje moro ein kan gjere ut av ei enkelt bok. Når eg underviser studentane i formidling og vurdering, har eg foreslått fleirbruk som eit kriterium for å bestemme kvalitet. At Under ein stein er ei slik fleirbruksbok, er det ingen tvil om når ein ser spennet av aktivitetar studentane har gjennomført med utgangspunkt i nettopp denne boka. Eg trur det er ei god erfaring for studentane våre å få ta i bruk bøker på ulike måtar. Det er ikkje berre til bruk i den klassiske lesestunda at boka er ein ressurs – det trur eg mange har fått føle på kroppen.

Kompetanse

Biblioteket har ikkje berre fått høve til å fylle hyllene, me har også fått fagleg påfyll. Med auka kunnskap om det barnelitterære feltet kan me enklare orientere oss for å gjere innkjøp, og me er betre rusta til å rettleie studentane. Med støtte i prosjektet har biblioteket fått kome inn som ein del av den praksisførebuande undervisninga. Me har undervist i litteraturformidling, vurdering av kvalitet og gjort greie for korleis biblioteket kan bli ein ressurs for studentane også som ferdig utdanna barnehagelærarar. Me ynskjer å gjere studentane medvitne om kva kompetanse folkebiblioteka sit på og syne gode døme på samarbeid mellom barnehage og bibliotek. HiSF-biblioteket har ikkje prioritert å kjøpe inn klassesett av alle dei aktuelle titlane. Når ein heil klasse skal ut i praksis, er det ikkje sikkert me kan tilby eit eksemplar til alle. Me tykkjer det er eit poeng at studentane venner seg til å bruke folkebiblioteket og oppmuntrar til å ta kontakt med biblioteket i den kommunen der dei skal ut i praksis. Slik får studentane nyttig erfaring med praktisk bibliotekbruk.

Entusiasme

Eg legg stor vekt på rolla studentane tek på seg som litteraturformidlarar ute i barnehagen. Her gjer dei ein viktig jobb. Ein vel så viktig jobb er den som blir gjort i forkant av praksisperioden for å skape entusiasme for bøker hjå studentane. Mange av studentane våre har ikkje vore borti barnelitteratur sidan dei sjølve var i målgruppa, og mange har lite eller ingen kunnskap om barnelitteratur anno 2016. Som ein del av praksisførebuinga får studentane presentert døme på bøker, teori om sjangrar, analyse, vurdering og formidling. På det felles praksismøtet som blir arrangert for studentar og praksislærarar, har me hatt stor suksess med forfattarbesøk av Erna Osland og forrykande formidling ved Janne Karin Støylen. Eg er sikker på at den entusiasmen me vekkjer hjå studentane, legg eit viktig grunnlag for deira vidare virke som litteraturformidlarar i barnehagen!